21
June
14:00
27
June
18:00

Salt Voss Experience (Sommar)

Salt
Påmelding via Checkin

Voss er bygd for sterke opplevingar - heile året.


Salt Voss Experience inviterer til ei eventyrleg somarveke 21.-27.juni. Ta ei pause frå kvardagen, med spanande aktivitetar og livsnær undervisning. Erfaringar som tar deg tett på Gud og tett på naturen.


Aktivitetar

Padling, stisykling, skiskyting (på rulleski), og fjelltur med overnatting. For dei som ynskjer det er det også mogeleg å fly i vindtunnelen for eit tillegg i prisen.


Undervisning

Temaet “Finn din plass” er bla. ei innføring i ulike kategoriar av nådegåver som gjev deg ei klarar forståing av kva potensial Gud har gjeve deg.


Opphald

Overnatting:
Alle deltakarane bur saman i eit hus. Det betyr at ein deler rom med to eller tre andre, og har felles stove og kjøkken.

Måltid:
Frokost, lunsj (matpakke), middag og kveldsmat er inkludert i prisen. Deltakarar vert oppmoda om å hjelpe til med mindre arbeidsoppgåver.


Pris

kr 2000,-
Tillegg for Voss Vind: kr 799,-


Ant. plassar:

10*
*Avhengig av gjeldande smittevernsreglar.